Etiketter

"Vekas suppe" (8) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (92) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) dans (1) dillsaus (1) doktorleik (1) dramatisering (1) Dugnad (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (1) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Forming (7) formingsaktivitet (3) formingsaktiviteter (1) forut (3) Foto (1) Friluftsliv (1) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (3) Fysisk fostring (3) Førskule (4) Førskulebading (2) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (13) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (2) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (4) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (1) Gårdsbesøk (2) Haust (6) helse (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (2) Indianerskogen (10) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) kropp (1) Kroppen (2) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (131) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (2) marikåpe (1) mat (63) Matglede (1) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (2) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) Samling (4) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (1) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (4) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (154) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (8) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (8) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) tur (42) turbingo (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (9) Uteliv (6) uteområdet (1) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (1) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

04.10.2017

.....Og så litt om skifteklede...

I Rammeplanen for barnehagen  (2017) står det "Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehagelova § 1.

Vidare står det "Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg."

Tusenfryd barnehage jobbar for å få eit så godt foreldresamarbeid som mogleg, til det beste for barnet. Då er det viktig med god informasjon, både frå barnehagen og frå foreldra. Bloggen er ein metode for at foreldra skal få eit større innblikk og forståing av kvardagen til barna i barnehagen.

For barna som skal tilbringe heile dagen sin - og heile veka si i barnehagen er det veldig viktig at foreldra tenker på korleis det er å vere liten og kor avhengige dei er av at mamma og pappa fyller på rikeleg med kle i hyllene deira. Personalet må vere flinke til å informere foreldra om kva som trengs av klede for at barnet skal ha gode dagar hos oss.

 Historier frå ein heilt vanleg dag i barnehagen:

1. "Truls 3 år"
Det er onsdagsmorgen, vi har akkurat hatt samling, og no skal alle barna vaske hendene før frukost. På Solsikke-doen er det ein liten vask, og når barna vasker hendene der er det fort gjort at det spruter litt på golvet. Der står ein mobb som dei vaksne bruker til å tørke golvet med, men i dag når det var min sin tur å vaske hendene mine hadde ikkje dei vaksne sett at det var vått på golvet. Eg ville ikkje ha på meg inneskoa mine i dag, så eg hadde berre sokkar. No trakka eg rett i vatnet og sokkane mine vart våte. Eg seier i frå til ein vaksen. "Uff da.. Då må vi gå og finne ekstrasokker i korga di" Svarer den vaksne. Ho hjelper med å ta ned korga, for den er litt høgt oppe. Heldigvis hadde eg ekstra sokker i korga mi.

2. "Torun 3 år"
Vi sitt rundt frukostbordet. Vi ser ut vinduet, det er komt nysnø i fjella. Vi gleder oss til snøen kjem. Det er fleire som seier at dei skal på fjellet og stå på ski når det blir skikkelig vinter. Ved siden av meg sitt vennen min, han strekker seg for å nå tak i majonesen. Han vil tegne ein bil på skiva si med majonesen. Eg gleder meg til å sjå, for han er så flink til å tegne bil. Plutselig kjem han bort i koppen sin med albuen. Den velter og all melka renn utover bordet og ned på meg og den andre vennen min. Unnskyld seier han og blir lei seg. "Det går bra" seier den vaksne trøstande. Det er berre å gå å skifte. Den vaksne hjelper meg å ta på tørr t-skjorte, genser, truse og bukse. Den andre vennen min måtte berre skifte bukse.

3. "Guro 4 år"
Det er fortsatt frukostid. Eg må skikkelig tisse, men eg har liksom ikkje tid. Eg vil sitte og snakke med vennane mine. Men til slutt klarer eg ikkje å holde meg. "Eg må på do!" seier eg. "Ja, berre å gå" seier den vaksne. "Treng du hjelp?" Eg rekk ikkje å svare, for eg er allerede halvvegs til badet. Eg vart litt for sein.. Ånei, kva kjem dei andre til å seie viss dei får vite eg har tissa meg ut? Heldigvis kjem den vaksne litt etterpå. "Går det bra? Vil du ha litt hjelp?" Eg kviskrar at eg fekk litt tiss i trusa. Den vaksne kviskrar tilbake at ho skal gå og hente ei tørr truse og bukse i korga. Den vaksne kjem tilbake og seier at det var berre bukse, eg hadde tomt for truse. Eg kjenner at eg nesten begynner å gråte. Men den vaksne seier at vi har lånetruser i barnehagen. Det visste eg frå før.. Men eg vil heller ha mi eiga truse med Elsa og Anna på.. Men eg tar på meg den frå barnehagen, den vaksne skal skrive ein lapp til mamma og pappa, så da får eg nok mi eiga truse ved neste uhell :)
 

4. "Solgunn 4 år"
Etter frukost skal alle gå på do, før vi kler på oss. Denne veka er det vi som skal vere ute på føremiddagen. Det betyr at vi skal vere ute frå kl 9.45 - 12.45. Det er veldig gøy og vere ute, for det er alltid noko nytt som skjer i naturen, og alt forandrer seg etter været og årstidene. Men det er ikkje noko gøy viss eg er våt og kald. I dag såg vi at det var nysnø i fjella, det betyr at det er kald og vått ute, vi må ha på mykje klede. Den vaksne var i gangen og gjorde klar regnbuksa og støvlane mine på brannmann-måten. Det er veldig fint, for da går det så fort å kle på seg, og så kan eg late som om eg er ein brannmann som må skynde seg ut for å slokke brannen. I dag sa den vaksne til meg at støvlane mine fortsatt var våte frå i går, så eg må låne nokon støvlar frå barnehagen. Det går bra synst eg, for dei eg fekk låne var rosa!

5. "Kai 5 år"
I dag er det kald ute så det er viktig å ha tjukke klede. Den vaksne sa at fleece-kleda mine er litt tynne, så viss eg begynner å fryse må eg seie i frå. Då kan eg få låne nokon tjukkare fleece-klede eller ull-klede med barnehagen. Akkurat no er eg varm, så det går fint med tynn fleece.
 

6. "Lars 4 år"
Eg og vennen min var først ut i dag, det er kjekt, for da kan vi finne dei største sølepyttane før nokon andre tek dei. Vi fann ein stor ein bort med sklia. Tenk så gøy det hadde vore å sile rett  ned i den! Derfor gjorde vi det! :) Ingen av oss hadde strekk under regnbuksa, for det hadde slitna, derfor sklei buksa opp når vi silte og då vi traff sølepytten spruta det akkurat så mykje som vi hadde trudd. Det var supergøy! Men ojsann.. Eg vart visst skikkelig våt også... Det er nok best eg og vennen min
seier i frå til ein vaksen. Den vaksne tar oss med inn igjen og skifter bukse og sokkar. Det hadde vi i korga vår, men vi hadde ikkje fleire støvler, så det måtte vi låne. Vi skulle jo vere ute i 2,5 t til, så vi kunne ikkje gå og vere våte. Da kan oss bli sjuk, for det har den vaksne sagt.

7. "Eivor 4 år"
Etter vi hadde vore på tur og sett på brannhydrantar skulle vi leike ute på uteområdet i barnehagen. Der var det kjempemange sølepyttar i dag, og eg ville lage sølekake. Det var litt kaldt å ha hendene ned i vatnet, men det var så fint også, å kjenne korleis sanden føltes ut når den var våt, den vart liksom så glatt! Etter ei stund vart eg skikkelig kald på hendene min. Eg ville ha på meg vottane mine. Eg sa i frå til den vaksne. Då vennane mine hørte at eg var kald på fingrane, så kjente dei også at dei var kald på sine fingrar. Derfor gjekk oss alle sammen til den vaksne og ville ha på vottar. Eg hadde regnvottar i korga mi, dei var deilige og varme og ha på seg. Dei andre vennane min hadde også på seg, men to av vennane mine hadde ikkje vottar med seg i dag. Den eine vennen min ville låne, men ikkje den andre. For ho ville ikkje låne svarte eller blå vottar, for det er guttefargar. Den vaksne sa at ho trudde barnehagen hadde rosa også.. Vennen min begynte å gråte og sa ho ville ha sine eigne. Den vaksne sa at ho skulle skrive lapp til mammaen og pappaen hennar, og da hadde ho kanskje sine eigne i morga, men i dag hadde ho ingen. Eg sa til vennen min at ho måtte låne, viss ikkje kom ho til å fryse veldig. Ho ville til slutt låne viss ho fekk rosa..

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar