I dag var det 3 og 4-åringane på løvetanna som skulle ha indianerdag i skogen. Dei gleda seg veldig, og la forventningsfullt i veg oppover bakkane. Då var det ikkje kjekt å oppdage at nokon har hatt full fest i leiren vår, i løpet av helga.
Vi ønsker ikkje ein slik bruk av indianerskogen vår !!!!!
Dersom du kjenner nokon som bruker indianerskogen vår på denne måten, vil vi at du sprer budskapet vårt!! Vi trur at dersom folk veit at dette området ikkje egnar seg til slike høve, vil dei finne seg andre, meir passelege "festlokale".
-og uansett kven som besøker indianerskogen:
RYDD ETTER DEG!!
- slik at det er trygt og kjekt for barna å komme dit!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar